Årets fasteaksjon med Kirkens Nødhjelp

Samlar inn pengar for reint vatn

Søndag 7. til tysdag 9. april er det tid for fasteaksjonen for Kirkens Nødhjelp. I år går pengane til arbeidet med å skaffe reint vatn ved katastrofar.

Klare for fasteaksjon: Konfirmantene frå Loen, Olden, Innvik og Utvik er blant mange frivillige som går rundt med bøsser og samlar inn til fasteaksjonen søndag, måndag og tysdag.  Foto: Privat

Årets aksjon heiter «Gi ei liv med vann»

Kirkens Nødhjelp
Nyhende

Dette er kyrkja sin store innsamlingsaksjon. Konfirmantar, foreldre og sokneråd er klare og håpar folk er klare med kontantar når dei kjem på besøk.

Årets aksjon heiter «Gi et liv med vann». Den fokuserer på Kirkens Nødhjelp sitt arbeid med vatn, og korleis klimaendringane skapar fleire og verre katastrofar. Pengane går til arbeidet deira over heile verda, og kan bidra til at organisasjonen raskt kan stille med reint vatn når katastrofa rammar.

Viktig når det hastar å hjelpe

Kirkens Nødhjelp leverer vatn, toalett, hygieneartiklar og tømmer søppel i fleire av flyktningleirane. Pengane som kjem inn gjennom fasteaksjonen er heilt sentrale i dette arbeidet.

– Det siste året har Kirkens Nødhjelp sørga for reint vatn til klimafordrivne i tørkeramma Somalia, og til mange som mista heimane sine i flaum i Niger. Akkurat no bidrar vi med vatn og sanitær til dei som har blitt ramma av flaumen i Malawi. Pengane vi samlar inn i fasteaksjonen er enormt viktige for at vi skal klare dette arbeidet, seier generalsekretær Dagfinn Høybråten i Kirkens Nødhjelp, i ei pressemelding.

Mange frivillige med bøsser

Aksjonen vert i år arrangert for 52. gong, og frivillige over heile landet samlar inn pengar ved å gå med bøsser eller ha ulike arrangement.

Pengane går til Kirkens Nødhjelp sitt arbeid over heile verda. Dei fleste bygdene våre får besøk tysdag 9. april, men nokre går før. I Oppstryn kjem dei søndag 7. april, og i Loen måndag 8. april.

– I år, som åra før, er konfirmantar, foreldre og sokneråd klar for å gjere ein innsats for Kirkens Nødhjelps arbeid. Som ei norsk kyrkje er vi også del av den globale kyrkja. Det å gje av det ein har, og vise omtanke for andre, er viktige verdiar for oss som kyrkje. Gjennom fasteaksjonen får vi mulegheita til å hjelpe medmenneske over heile verda, seier kateket Beate Nes i ei pressemelding frå kyrkjekontoret i Stryn og Kirkens Nødhjelp.