Cup-jubel i Førde

Wie skaut Stryn vidare i NM-cupen

Wiedare: Mads Wie jublar etter scoring i det 12. minutt. Det vart også kampen si einaste scoring og Stryn er klar for første ordinære runde i NM-cupen.  Foto: Stig Høynes

Nyhende

Stryn stod imot eit tidvis massivt Førde-press i andre omgang og drog iland siger og avansement til 1. ordinære runde i NM-cupen.

Ikkje uventa var det Mads Wie som sytte for scoringa. Den kom allereie etter 12 minutt, og vart også kampen si einaste scoring.

Førde hadde sjansen til utlikning på straffespark, etter hands, men skotet gjekk utanfor mål.

No ventar truleg eit OBOS-ligalag på Stryn stadion når cupen vert dregen igang for fullt.