Trur på ny visefestival i 2020 - trass raude tal:

– Vi har hatt ei kjempehelg

– Vi har hatt ei kjempehelg og har fått veldig mange positive tilbakemeldingar, seier Torstein Tvinnereim.

God stemning: Det var godt besøk og god stemning då stryneven og Stjernekamp-vinnar frå 2016, Knut Anders Sørum, heldt konsert på Stryn Vertshus laurdag. Også ved Isehaug, Stryn kulturhus og Visnes Hotel var det bra oppmøte på dei fleste konsertane.  Foto: Roy Aron Myklebust

Nyhende

Koordinatoren for Stryn Visefestival kunne søndag senke skuldrene etter to hektiske dagar med 24 konsertar fordelt på 12 artistar og grupper, framført på fem ulike scener.