Får løyve til å byggje nytt

Utvik Elektrisitetsverk SA får løyve til å byggje nye Utvik kraftverk i Storelva i Utvik.

Utvik Elektrisitetsverk SA får løyve til å byggje nye Utvik kraftverk i Storelva i Utvik. Her ved Storelva i fjor.  Foto: Arkiv

Nyhende

Det gamle kraftverket blei tatt av storflaumen i 2017.

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) legg vekt på utbygginga skjer på om lag same stad som det gamle kraftverket, at produksjonen er høg til å vere småkraftverk, og at utbyggingsprisen er låg.

Vidare peikar direktoratet på at det meste av infrastrukturen er på plass, og at det er få nye inngrep i naturen knytt til utbygginga. Det nye kraftverket kjem til å ta ut meir vatn enn det gamle kraftverket, men det blir stilt krav om minstevassføring og omløpsventil for å ta omsyn til fisk som vandrar i elva nedanfor kraftverket.

Produksjonen blir på om lag 17 GWh i året, nok til straumbruken til om lag 850 husstandar.

(©NPK)