Frida trollbatt festivalpublikummet

Stryn Visefestival gjekk rett til dei øvste hyllene då dei plukka artistar til den første utgåva av arrangementet. Og heilt øvst fann dei Frida Ånnevik.

Opna festivalen: Frida Ånnevik var første artist ut då ho innleia Stryn Visefestival med konsert i Stryn kulturhus. Ein strålande start på ei innhaldsrik aprilhelg.  Foto: Ingeborg Koppen Hessevik

Nyhende

Det nærmar seg ti år sidan Ånnevik slo gjennom med debutalbumet Synlige hjerteslag (2010). Eit album ho fekk ti av ti mulege poeng for i NRK sitt Norsk på Norsk. Sidan den gong har 34-åringen hausta mange og gode skussmål for utgjevingane sine. Spellemannsprisar har det blitt òg.