Vesla storkosa seg på visefestival

Ei som har jobba tett på både visesjangeren og visesongarar, er Vesla Bergem frå Stryn. Den tidlegare Club7-drivaren storkosa seg på festival.

Kjend sjanger: Vesla Bergem var vertinne for mange visesongarar då ho dreiv Club7.  Foto: Roy Aron Myklebust

Nyhende

Club7 i Oslo var ein sær viktig konsertarena og kulturinstitusjon på 60-, 70- og deler av 80-talet. Her stod også visetradisjonen sterkt, og kjende artistar som Lillebjørn Nilsen, Lars Klevestrand og Kari Svendsen frekventerte Club7 hyppig.