– Blir truleg færre offentlege arbeidsplassar i Hornindal

Kva tenester kommunehuset Smia skal ha, var orienteringssak i Fellesnemnda.

utfordring: – Vi må finne ein fornuftig og praktisk balanse mellom tenestetilbodet i Volda og på Grodås, sa Volda-rådmann Rune Sjurgard (t.v.). Hornindalordførar Stig Olav Lødemel (t.h.) seier utfordringa blir offentlege arbeidsplassar i Hornindal etter samanslåinga med Volda. Kva tenester som skal bli verande i kommunehuset Smia skal handsamast 7. mai.  Foto: Roger Oldeide

Nyhende

Rådmann Rune Sjurgard viste til ei kartlegging som viser at i snitt 10,7 personar pr. dag besøker Smia. Så langt det er praktisk mogleg skal tenestene fordelast etter folketalet, men det vart lagt til grunn eit tydeleg ønskje om aktivitet og arbeidsplassar i Smia.