Bakar Jon kåra til årets faghandel

Bakar Jon er kåra til Årets faghandel i Coop Nordvest.

Best: Bakar Jon er kåra til Årets faghandel i Coop Nordvest. Coop Nordvest har 140 butikkar frå Sogn til Trøndelag. Foto: Bakar Jon  Foto: Bakar Jon

Nyhende

Coop Nordvest er samansett av tidlegare Coop Vest og Coop Orkla Møre. Den nye eininga har 140 butikkar frå Sogn til Trøndelag.

Og beste faghandel av alle desse i 2018 var Bakar Jon, som nyleg fekk utdelt det synlege provet på at butikken gjekk til topps i kåringa.

Verksemda starta som handverksbakeri med daglegvarehandel på Byrkjelo i 1919. Jon Myklebust tok over verksemda i 1983, og etter kvart byrja Bakar Jon også å selje gardsmat i butikken.

I 2013 vart bakeriet og butikken ein del av Coop, og Bakar Jon vart sjølve navet i Coop si lokalmatsatsing på Vestlandet.