Dagens leiarartikkel:

Fake news, Fjordabladet

Klar bodskap frå Nordfjord Havn: Med 45 meters seglingshøgde på ei bru Lote-Anda ville 95 prosent av cruisetrafikken til Olden blitt blokkert ute. Komande sommar ville det bety 180.000 passasjerar som hadde stanga i ei alt for låg Nordfjordbru.  Foto: Anne-Mari Aalberg

Det er alvorleg når ei avis set fram beviseleg feil påstandar

Nyhende

I leiarartikkelen sin fredag skriv redaktøren i Fjordabladet at mellom 80 og 90 prosent av cruiseskipa som besøkjer Nordfjord, ikkje vil ha problem med 45 meter seglingshøgde. Påstanden vert sett fram i samband med at Nordfjordbrua AS har invitert bransjen til anbodskonkurranse på bru Lote-Anda med seglingshøgde 45 meter.

Den udokumenterte påstanden frå Fjordabladet var så oppsiktsvekkjande at Fjordingen retta spørsmålet til Nordfjord Havn. Svaret derfrå er klokkeklart. Med 45 meters seglingshøgde ville 95 prosent av cruisetrafikken til Olden blitt blokkert ute. Komande sommar ville det bety 180.000 passasjerar som hadde stanga i ei alt for låg Nordfjordbru.

Lesarane får gjere seg opp si eiga oppfatning om kven som kjem med rette opplysningar.

Når Sølve Oldeide i Nordfjord Havn og tilbakeviser påstanden frå Fjordabladet sin redaktør om at det er dei største cruiseskipa som forureinar mest, er det god grunn til å stille spørsmål ved avisa sin kjeldekritikk og mål med å setje fram feil påstandar på leiarplass. I følgje Nordfjord Havn vil nærare 50 prosent av tonnasjen inn til Olden i 2020 vere med LNG drivstoff, altså naturgass. Etter kvart som nye skip no vert bygde, går reiarlaga over frå diesel til gass, for å ivareta nødvendige miljøkrav. Vi vel å tru at Nordfjord Havn sin driftsleiar sit på korrekte opplysningar både om høgde på skip og utviklinga innan nybygg.

Det er alvorleg når ei avis set fram beviseleg feil påstandar, ikkje minst i ein debatt der andre og på feilaktig grunnlag indirekte vert skulda for å vere bråkmakarar og motstandarar mot bru Lote-Anda. Vi har ikkje registrert mykje støy frå Stryn kommune om bru Lote-Anda etter at avgjerda om E39 vart teken. Heller ikkje har Fjordingen ytra seg negativt mot bygging av bru i midtre. Derimot har vi ytra oss kritisk til eit bruprosjekt som ser ut til å operere med heilt andre standardar for seglingshøgde enn det cruisenæringa er avhengig av. Når Nordfjordbrua tek inn over seg at dei må følgje same standard for seglingshøgde som E39-brua i Stryn, er det berre å ønske lykke til med prosjektet.

Bengt Flaten

ansvarleg redaktør