Stryn Visefestival:

Gina Agathe song The Story åtte år etter

Som 14-åring stod ei noko smånervøs Gina Agathe Takle Tytingvåg på kulturhusscena og framførte låta The Story på UKM. Åtte år etter var ho tilbake med same låt, men med litt lågare skuldrer.

Stor stemme: Gina Agathe T. Tytingvåg (22) er utan tvil eit stort musikalsk talent. Under dagkonserten framførte ho mellom anna The Story, låta som ho song på same scena under UKM i 2001.  Foto: Roy Aron Myklebust

Nyhende

– Det var skummelt då eg opptredde med den første gongen, seier Tytingvåg, som hugsar dagen veldig godt. 22 år gammal og meir erfaring i bagasjen, tykte ho det var ei meir behageleg oppleving denne gongen, under dagkonserten på visefestivalen. Skjønt litt spent var ho.