Førebur konsert til Førdefestivalen:

Nordfjordingar skal dykke i Fylkesarkivet

Helge Sunde og Britt Pernille Frøholm er med i den nye konserten Førdefestivalen produserer i samarbeid med Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Festivalartistar: Helge Sunde frå Stryn og Britt Pernille Frøholm frå Hornindal er to av fire artistar som skal dykke ned i folkemusikk-arkivet i fylket, og framføre konsert på Førdefestivalen.   Foto: Arkiv

Nyhende

Dei to andre musikarane i prosjektet er: Marita V. Igelkjøn og Viljar Losnegård. Synnøve S. Bjørset i fylkesarkivet koordinerer prosjektet.

Konserten har tittelen «Perler av elde», og er oppfølgjaren til Arvesølvet frå 2017. Fire musikarar frå fylket dykkar i det store folkemusikkarkivet med om lag 16.000 lydopptak. På konserten under festivalen skal dei framføre litt av det gamle materialet dei finn, saman med ny musikk dei har komponert etter inspirasjon frå gamle opptak. Konserten blir i Førde fredag 5. juli.

Garifunarytmar frå Belize, cajun frå Louisiana, duduktonar frå Armenia, fado frå Portugal, balkansk blåsekurs, skotske reelar og svensk-norsk festmusikk. Det er duka for musikalsk mangfald når Førdefestivalen feirer sine første 30 år.

– «30 år utan grenser» er temaet i år, og programmet byr på mange fine gjensyn, men også møte med nye spennande artistar, fortel festivaldirektør Per Idar Almås i ei pressemelding frå Førdefestivalen.