550 hytter DNT-hytter står klare på påskefjellet

Den Norske Turistforening forventar storinnrykk av hytteturistar i påsken og lovar at det er nok snø.

DNT hytte Skålabu   Foto: Roger Oldeide

Nyhende

– Påsken for mange er einstydande med snødekte vidder, solfylte fjellsider og fine ettermiddagar i hytteveggen. Og vi kan roe fjellfolket, det er nok snø i fjellet i år og, seier generalsekretær Dag Terje Klarp Solvang i Den Norske Turistforening (DNT).

Foreininga lovar klassisk påskestemning for alle som drar til fjells.

– 4.300 km med skiløyper blir kvista og rundt 550 hytter over heile landet blir gjort klare til storinnrykk, seier Solvang.

Overnattingsrekord

Overnattingstala til DNT frå 2018 vitnar om at hyttetilboda er populære. På fem år har DNTs hytter hatt ein auke i talet på overnattinger på 19 prosent, og i fjor opplevde foreininga ein vekst på 8.500 overnattingsdøgn. Dette er ny rekord.

Sjølv om påsken kjem seinare enn i fjor, trur generalsekretæren at folk framleis vil nytte sjansen til lange, solrike dagar i fjellet.

– Det er liten tvil om at hyttetur i påsken framleis er ein tradisjon som står sterkt. Våre betente hytter på fjellet melder om stor pågang og mange telefonar no i dagane opp mot påske, seier han.

Sjå video frå Skåla: Morgonstemning på 1848 moh