Det blir Holmøyskarrenn

Trass i sein påske er det duka for det tradisjonsrike Holmøyskarrennet også i år.

Palmesøndag: Nydelege forhold då Holmøyskarrennet gjekk av stabelen i 2017.  Foto: Roy Aron Myklebust

Nyhende

– Det har vore spennande tider for arrangørane av det tradisjonsrike Holmøyskarrennet. Påska er sein i år, og snøen har regna vekk for så å lave ned på nytt. Siste veka har det av alle ting vore sola og godvêret som har vore utfordringa, seier rennleiar Bodil Rand i ei pressemelding frå arrangøren.

– No melder likevel løypesjef Anders Bergset om fine forhold i fjellet, og arrangørane satsar difor på å gjennomføre rennet palmesøndag. Det vert ein tur med store naturopplevingar, og med det langtidsvarselet vi har, så er det berre å finne fram solkrem og appelsin og nyte turen, oppmodar rennleiaren.

I fjor samla Holmøyskarrennet 325 deltakarar. Rennet var då det 51. i rekka. Idrettslaga Veten og Hardbagg er arrangør.