Stryn kulturskule:

Satsar på teater i Oppstryn og Stryn

Til hausten blir det fleire nye tilbod innan musikk, dans, kunst og teater i Stryn kulturskule. Eitt av desse er teater i både Oppstryn og Stryn.

Stryn kulturskule har fleire nye tilbod elevar kan søkje på innan 1. mai. Her frå jubileumskonserten til kulturskulen under kulturnatt i fjor.  Foto: Thomas Thaule/Arkiv

Stryn kulturskule har fokus på kvar einskild elev, kunnskap, meistringsglede og kreativitet

Linda Gytri, rektor
Nyhende

Det nærmar seg søknadsfristen for Stryn kulturskule for skuleåret 2019/2020, som er 1. mai.

Her er både tradisjonelle tilbod og mykje nytt å velje mellom for born, unge og vaksne.

Tilbod i Oppstryn

Nytt for komande skuleår blir kulturskuletilbod i Oppstryn.

Her kan elevane søkje på piano, dans, teater og kunst. Onsdag blir undervisningsdagen her. Kulturskulen har også desentralisert undervisning i Olden, Innvik og Utvik.

Teater og band i Stryn

Kulturskulen startar endeleg opp att med teater, både i Stryn og Oppstryn.

Tysdag blir teaterdagen i Stryn sentrum, med to ulike teatergrupper delt inn etter alder. Her blir det teaterleik og mykje moro. I tillegg satsar kulturskulen også på band i Stryn.

Kunstgruppe for vaksne

Det siste året har det vore auka interesse for kunst i kulturskulen, og ein prøvar å starte opp ei kunstgruppe for vaksne.

Her får ein utfalde seg kreativt innanfor blant anna teikning, måling, leire og grafiske trykk. Undervisninga blir i kulturskulen sine nye lokale på toppen av kulturhuset, fortel kulturskulen.

– Gledeleg vekst

Dei tradisjonelle tilboda med undervisning i piano, trekkspel, gitar, bassgitar, song, trommer og fele held fram som før. Jazzballett har blitt eit populært tilbod, og held sjølvsagt fram.

– Siste året har kulturskulen hatt ein fin auke i talet på elevar, og det er svært gledeleg. Det er fokus på kvar einskild elev, kunnskap, kreativitet og meistringsglede, og vi håpar på mange søkjarar for neste skuleår, seier rektor Linda Gytri i ei pressemelding frå Stryn kulturskule.