Tok opp att tradisjonen med frivilligfest ved omsorgssenteret

– De gjer ein skilnad for brukarane våre

Onsdag vart dei mange frivillige gjort stas på ved Stryn omsorgssenter.

Takka for innsatsen: For å vise si takksemd i høve dei mange frivillige som bidreg ved Stryn omsorgssenter, inviterte dei og Stryn Frivilligsentral til fest onsdag. Bjarne Svarstad (t.h.), Rasmus Bø og Erna Bø var mellom dei omlag 30 som deltok.  Foto: Roy Aron Myklebust

Nyhende

I lokalet «Buketten» var eit trettitals frivilligarbeidarar samla rundt eit flott pynta langbord onsdag ettermiddag. I tillegg til god mat frå koldbordet vanka det også godord som takk for den store innsatsen dei legg ned gjennom året. Bidraga spenner vidt, som utkøyring av middag, trilleturar med brukarane, hjelp til måndagskaféen, loddal eller som spelemenn på dansen annankvar onsdag. Sistnemnde ei oppgåve mellom andre Bjørn Roset har teke på seg siste åra.