Fekk idrettslaget sin stimulansepokal

Joanna Kveen Øvre-Flo (t.v.),handball, Victoria Edelston, turn, og Trym Vatn Øvreberg, fotball, fekk Stryn Turn & idrettslag sin stimulansepokal.  Foto: Stryn Turn & idrettslag

Nyhende

Joanna Kveen Øvre-Flo (handball), Victoria Edelston (turn) og Trym Vatn Øvreber (fotball) fekk Stryn Turn og idrettslag sin stimulansepokal tysdag.

Alle tre er fødde i 2003 og går i 10. klasse ved Stryn ungdomsskule.

Bakgrunn for tildelinga:

Joanna Kveen Øvre-Flo

Ho er ei allsidig, positiv og treningsivrig jente. Ho har full innsats på alle treningar og er laget sin toppscorar i år. Med sine ekstreme fysiske kvalitetar, er det få som spring fortare eller hoppar høgare. Desse kvalitetane gjer ho til ei av dei beste kantspelarane i regionen. Ho har stor utvikling innan det tekniske. Ho er seriøs og veldig lærevillig, og har heile tida lyst å lære nye teknikkar som gjer ho til ein meir komplett handballspelar.

I sommar var ho, som den einaste frå Sogn og Fjordane, plukka ut til å representere Region Vest på den nasjonale talentsamlinga. Og seinast no i midten av mars deltok ho på Regionslaget i NM, der ho gjorde ein svært god figur og fekk mange gode tilbakemeldingar. Ho fortener så absolutt årets stimulansepokal. Ho er ein lagspelar og ho er oppteken av fair play. I tillegg er det veldig kjekt å vere på lag med henne, og vi kan med sikkerheit seie at alle lagvenninnene er einig at denne prisen er veldig fortent.

Victoria Edelston

Victoria er ein person vi i Stryn Turn set svært høgt. Ho har vore aktiv i idrettslaget i ei årrekke og då særleg innan turn og fotball. I fotball var spesialiteten innkast og då gjerne med ein salto i tillegg. Med turnen har ho vore aktiv i ni år, og har utvikla seg veldig gjennom desse åra. Ho er mellom våre flinkaste turnarar og eit naturleg val når vi reiser på kretsmeisterskap. Ho stiller på alle treningar og har delteke på ni barneturnstemne, noko eit fåtal av våre andre turnarar har greidd.

Victoria er svært glad i barn og har no vore instruktør for Stryn Turn i to år. Ho er veldig pliktoppfyllande og kjem først til alle treningar og bidreg med sitt blide vesen til at alle treningane blir lærerike og morosame. Ho har veldig god kontakt med turnarane og skaper tillit og glede der ho er.

Trym Vatn Øvreberg

Stryn fotball har mange gode kandidatar i år. Vi vel likevel å prioritere Trym Vatn Øvreberg dette året. Trym har i fleire år vist seg som ein treningsvillig og talentfull spelar. Han har vore utteken på talentleir for dei beste i sitt årskull i landet, spelt på kretslag, Team Sogndal og alt spelt fleire kampar på Stryn sitt A-lag. Trym arbeider seriøst for å bli ein best mogleg fotballspelar og er kaptein på Stryn sitt gutelag.