Offisiell opning av dagsturhytta i Stryn etter påske

Torsdag 25. april blir det offisiell opninga av dagsturhytta på Kloppemyra i Stryn. (Fylkesbiblioteket har ansvaret for det nynorske turbiblioteket. Bøkene er til bruk på hytta. )  Foto: Stryn Bibliotek

Nyhende

Torsdag 25. april blir det offisiell opning av dagsturhytta på Kloppemyra i Stryn.

Her blir det blant anna medaljeutdeling til borna, og program med lesestund, musikk og talar.

Aleksander Gamme blir også til stades ved opninga. Han skal også halde eit foredrag i Stryn kulturhus seinare på kvelden same dag, skriv Stryn kommune.