Planlegg ny visefestival i mars 2020

Arrangøren av Stryn Visefestival har halde evalueringsmøte, og det blir festival også neste år.

Meir av dette: Verdsmannen Thorbjørnsen var mellom artistane som deltok på årets visefestival.  Foto: Roy Aron Myklebust

Nyhende

Koordinator for festivalen, Torstein Tvinnereim, gjekk langt i å love ny festival allereie dagen etter arrangementsslutt, trass underskot i premiereåret. Men no har alle dei involverte partane vore samla til evaluering, og kan offisielt meddele at dei går laus på ein ny festival.

– Vi har evaluert. Vi har lært. Vi skal forbetre oss og gjere ting endå betre. Vi er klar for ny festival i 2020, skreiv arrangøren på si facebookside tysdag. Mest truleg 27.-28.mars.

Dei oppmodar også publikum om å sende tips og tilbakemeldingar.

– Kom gjerne med tips til artistar de vil vi skal booke, og del gjerne dei gode opplevingane de har hatt under årets festival.