Skogbrannfare før påske – brannvernsforeininga åtvarar mot bål og grilling

Ei lita gneist kan vere nok til å starte brannar i kratt og lyng. I låglandet i Sør-Norge er det no fare for gras- og lyngbrann i snøfrie område.

Tenk deg om før du lagar pølsebål i påsken. I snøfrie område kan det vere svært tørt på bakken.   Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix / NPK

Nyhende

Meteorologisk institutt har skrive ut farevarsel på gult nivå for områda Austafjells. Frå onsdag gjeld varselet om brannfare òg for Vestlandet.

– Ver forsiktig med open eld. Vegetasjon kan lett ta fyr og store område kan bli ramma, lyder oppfordringa frå Meteorologisk institutt.

I overgangen mellom vinter og vår og før vegetasjonen blir grøn, blir skogbotnen fort veldig tørr utan nedbør. Gammal kvist på bakken og tørre kratt gjer òg at brannfaren aukar, åtvarar Norsk brannvernsforeining.

– Under sånne forhold skal det berre ein ørliten gneiste til før naturen står i lys lue. Særleg om det blæs i tillegg, seier administrerande direktør Rolf Søtorp i Norsk brannvernsforeining.

Han åtvarar mot å gjere opp eld i skog og mark før det kjem påfyll av nedbør.

– Det gjeld òg bruk av eingongsgrill. Generelt meiner vi at eingongsgrillar er eit lite eigna produkt for bruk i skog og mark, både på grunn av brannfaren og av omsyn til miljøet, seier han.

Han minner òg om at bålforbodet snart tek til å gjelde. Frå måndag 15. april til 15. september er det forbode å gjere opp eld i eller i nærleiken av skog eller anna utmark utan løyve frå kommunen. Kommunestyret kan likevel gjennom lokale forskrifter fråvike dette dersom lokale forhold tilseier det. Det er dessutan tillate å gjere opp eld der det openbert ikkje kan medføre brann.

Søtorp peikar òg på at ein kan bli erstatningsansvarleg dersom ein er aktlaus.

Tysdag vart fleire hytter i Skiptvet i Østfold evakuert då ein skogbrann trua hytteområdet. Brannen vart likevel forholdsvis raskt sløkt.


(©NPK)