nk farta, følg køen og dropp farlege forbikøyringar:

Stress ned i påsketrafikken!

Meir enn halve Norge skal ut å reise i påska. – Senk farta, følg køen og dropp farlege forbikøyringar. Du sparar nesten ingen tid på vågale val, men utsett deg og andre for fare, seier vegdirektør Terje Moe Gustavsen.

  Foto: Gunnhild Sindre

Nyhende

Kvart år skjer det om lag 70 ulykker med personskade i påsketrafikken. I fjor mista ingen livet i påsketrafikken mot éin i 2017, tre i 2016, éin i 2015 og fire i 2014.

Overraska

– Eg har mange av mine beste kvinner og menn på vakt denne påska for å hjelpe deg trygt fram og heim att. Vi deler riktig og oppdatert informasjon med trafikantane fortløpande. Då får bilistane beskjed om kø, hindringar og anbefalte omkøyringsvegar, seier Gustavsen.


Vegdirektøren er overraska over at mange har det travelt i påsketrafikken.

– Det er betre å komme fram litt seinare enn ikkje i det heile tatt. Mange køyrer på vegar dei ikkje er vant med å køyre. Bruk den tida som trengs. Høg fart og unødvendige forbikøyringar skaper farlige situasjoner. Dette er dessverre gjengangarar i påskeulykkene, seier Moe Gustavsen.


Overvakar vegen

– Sjølv om det har vore lite snø i fjellet i år, kan det vere stor skilnad mellom by og fjell.

Med ei sein påske kan aprilvêret vere krevjande. I låglandet kan det vere fint og tørt, men på fjellet kan det skifte raskt, seier trafikkoperatør Hanne Anette Norheim.

Trafikkoperatør Hanne Anette Norheim overvakar påsketrafikken.  Foto: Kristian Fauskan, Statens vegvesen

 

Trafikkoperatøren er ei av dei som er på vakt i påska på Vegtrafikksentralen i Region vest. Her overvaker ho og kollegaene vegnettet i dei tre vestlandsfylka.


– Dei siste åra har vi sett at trafikken har forandra seg. I fjor var det fleire som reiste heim 1. påskedag, så folk må vere førebudd på kø begge dagane, seier ho.