Stryn fekk Sogndal i cupen på stadion

Cupen: Stryn får besøk av Sogndal i første runde av cupen. No vil klubben ha mange folk på kamp.   Foto: Thomas Thaule

Nyhende

– Kjempestas å få Sogndal i første runde av cupen! Det seier Stryn sin kaptein, Emil Allesøe.

– Om Sogndal trur dei kan kome til Stryn stadion og spasere seg til neste runde, så tek dei feil, seier kapteinen vidare. No håpar han at publikum kjenner si besøkelsestid og møter opp for å sjå Stryn kjempe mot OBOS-ligalaget 1. mai.

Nøgd trenar

Også trenar Geir Inge Rake er nøgd med kampoppsettet:

– Eg ville heller ha Sogndal enn Fjøra. Det blir spennande å sjå, eg trur vi kan vinne denne kampen. Vi får legge inn eit ekstra gir.

Dagleg leiar i Stryn fotball, John Os, gler seg over å få Sogndal på besøk.

– Dette blir kjekt. Eg rekna med at vi ville få eit lag ifrå fylket. Vi ser på Sogndal som ein attraktiv motstandar som det er fullt muleg å slå på ein god dag. No håpar vi på mykje folk på stadion, seier Os til Fjordingen. Fjøra er sett opp med heimekamp mot Florø. For dei som drøymde om Brann så er dei sett opp borte mot Arna Bjørnar.