Innvik AS med utvidingsplanar til 20-30 millionar:

Ønskjer nybygg og ny veg

Innvik AS er i vekst og har planar om utviding av bygningsmasse og tilrettelegging for meir framtidsretta og miljøvenleg oppvarming. Men dei har støtt på utfordringar.

Nybygg og veg: Bjørn Aage Haugen presenterte i formannskapet planar for Innvik AS. Dei ønskjer bygge nytt fargeri og omlegging av vegen ved industriområdet. Vegen er tenkt langs elva til høgre i bildet. No ventar dei i første omgang på tilbakemelding frå Fylkesmannen på planane.  Foto: Roy Aron Myklebust

Nyhende

Tekstilverksemda i Innvik ønskjer nytt fargeri i tilknyting til hovudbygget. I dag er det eit eldre bygg, 20m unna, som husar denne delen av verksemda. I samband med nybygget vil dei også avvikle all bruk av olje og nytte biofyring i staden.