Breimsbygda

– Framleis høve til flotte turar

Snøen sviktar ved Breimsbygda skisenter, men det betyr ikkje at ein ikkje kan gå på ski på Utvikfjellet.

Utvikfjellet: Breimsbygda skisenter har snømangel, men i langrennsløypene er det framleis snø.   Foto: Arkivfoto: Roger Oldeide

Nyhende

– Snøen sviktar oss dessverre i år, så alpinanlegget blir diverre stengt i påska, seier driftsleiar ved Breimsbygda skisenter, Runar Kleppe.

Han vil understreke at ein likevel kan legge påsketuren på ski til Utvikfjellet.

– Det er framleis høve til å nyte flotte turar på langrenn i Utvikfjellet. Vêret ser i alle fall ikkje ut til å svikte, seier Kleppe.