Grotli:

– Ligg til rette for ei draumepåske

Grotli Skiheiser melder om perfekte forhold, rett og slett

Grotli: Det står ikkje på snø på Grotli i påska.  Foto: Roger Oldeide

Nyhende

– Vêrmeldingane er optimale med rikeleg med snø både i skiheisane og i langrennsløypene. Vi har truleg snø til Sankthans, seier Are Bergheim ved Grotli Skiheiser.

Grunna svært kalde netter på toppen av Strynefjellet blir snøforholda og føret deretter.

– Det er om lag så bra som det kan bli no. Alt ligg til rette for ei draumepåske her i år, seier han.

Bergheim er trygg på at det blir folksamt på Grotli i påska og forventar storinnrykk, spesielt frå onsdag.

– For mange er det tradisjon å besøke Grotli i påska og vi forventar mykje besøk, både i løypene, i skianlegget og på hotellet, seier han.