Stryn Vinterski:

- Steindalsheisen vil gå heile påska

Våren har tatt grep om nedre del av skitrekket, men Steindalsheisen vil gå heile påska, melder Stryn Vinterski.

Steindalen: Øvre del av skitrekket har framleis gode snøforhold.  Foto: Stryn Vinterski

Nyhende

– Snøforholda oppe i Steindalen er gode og vi samlar all skiaktiviteten der oppe. Vi tek høgde for drift der heile påska med både grill og open kiosk, seier driftssjef ved Stryn vinterski, Frode Briksdal.

Forholda i nedre del av skitrekket er ganske annleis.

– Nedre del har vi diverre erklært påskestengt. Heisen vil gå for å frakte folk opp til Steindalsheisen. Men kafeen nede held ope gjennom heile påska der også afterski vil gå sin vande gang, seier Briksdal.

Han tør ikkje spå noko om kor mange som vil besøke skisenteret i påska.

– Det er umogleg å seie noko om når vi har redusert kapasitet i bakkeanlegget, men vi håpar folk finn vegen til oss i påska. Det er flott oppe i Steindalen og vêret ser ut til å bli heilt fantastisk, så det skal ikkje stå på det, seier Briksdal.