Hornindal skisenter:

Truleg ope til topps heile påska

Hornindal skisenter melder om gode snøforhold og forventar både å halde ope heile påske og storinnrykk av besøkande.

Hornindal: Snøen har ikkje svikta i Hornindal.  Foto: Hornindal skisenter

Nyhende

– Det ser framleis bra ut i heile traseen og pr. i dag så har vi grunn til å tru at skitrekket vil halde ope til topps heile påska. I verste fall held vi ope til sjuar-masta, seier driftsleiar ved Hornindal skisenter, Amund Sverre Tomasgard til Fjordingen torsdag.

Han forventar ein del utfart til skisenteret inst i Nordfjord i påska.

– Ja, vi har mange besøkande frå ytre strøk der våren har kome for fullt. Mange plassar er det fritt for snø no, så slik sett er vi heldige her. Det kan bli ei riktig flott påske med det vêret som er meldt og, seier han.

Han legg til at langrennsløypene framleis er intakte så påsketuren på langrennsski trur han er berga.

– Ja, men vi tek dag for dag og vil tette hol i løypenettet om det blir naudsynt, seier han.