Utvidar suksessen med "å reise som dei lokale"

Etter at turistopplevingar med offentleg transport "Travel like the locals" har blitt ein suksess i Møre og Romsdal, blir tiltaket no utvida til heile Vestlandet.

Ein av rundturane går frå Stryn til Nordfjordeid, Sandane, Byrkjelo og tilbake til Stryn. På bildet Gamle Strynefjellsveg i retning Oppstryn.  Foto: Johansen, Erik

Nyhende

Konseptet blir no utvida til Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland.

Tiltaket går kort og godt ut på at det eksisterande kollektivtilbodet skal bli meir tilgjengeleg, attraktivt og synleg for turistane. Det er rundturar som blir tilgjengeleg for sal for dei som ønskjer ei annleis oppleving av Vestlandet.

Marit Holen har vore tett på prosjektet i Møre og Romsdal og er leigd inn som prosjektleiar når tilbodet no skal inn i tre nye fylke. Om lag 2.600 reisande nytta seg av tilbodet i Møre og Romsdal det første året, medan det i fjor var nærare 8.000 som reiste som dei lokale.

Tilbodet i dei tre andre fylka skal vere klart til turistsesongen 2019 og arbeidet er no inne i ein praktisk fase. Om lag 50 turar blir tilgjengeleg i mai.


(NPK)