Åtvarar mot livsfårleg Snapchat-trend

Fårleg tasting: Ei undersøking frå Codan Forsikring viser at 31 prosent mellom 18 og 29 år har sjekka Snapchat medan dei har køyrt bil. Foto: iStock  Foto: iStock

Nyhende

I ei undersøking gjennomført av Norstat på vegner av Codan Forsikring svarer 31 prosent av unge vaksne mellom 18 og 29 år at dei som sjåførar i bil har sjekka Snapchat dei siste tre månadene.

– Dette er eit urovekkande høgt tal og det er bekymringsfullt at så mange unge utset seg sjølv og andre for fare i trafikken ved å ikkje ha fullt fokus på køyringa. Det aukar risikoen for påkjørsler og utforkøyringar betydeleg og du kan forårsaka ei alvorleg ulykke der du eller andre menneske kjem til skade, seier skadesjef Annika Persson i Codan Forsikring.

– Forbodet blir lite respektert

Undersøkinga viser at unge sjekkar Snapchat i mykje større grad enn folk i andre aldersgrupper. For alle aldersgrupper totalt svarar 8 prosent at dei har sjekka Snapchat som sjåførar dei siste tre månadene.

Dei unge sjåførane er ikkje berre «verstinga» på Snapchat-bruk. Dei ringer òg mest utan handsfree og les eller sender mest SMS medan dei køyrer bil. Blant heile befolkninga svarer omtrent 1 av 4 at dei har ringt eller sendt eller lese SMS, medan nesten 1 av 2 unge vaksne opplyser at dei har gjort dette.

– Denne undersøkinga stadfestar den kunnskapen vi har om ulovleg bruk av mobiltelefon under køyring, og resultatet av undersøkinga er sjølvsagt bekymringsfullt. Bruk av mobiltelefon under køyring, særleg bruk som inneber tasting og lesing, er forbunde med høg risiko, og forbodet blir i svær lita grad respektert, seier UP-sjef Runar Karlsen.

– Forventar umiddelbar tilbakemelding

– Auka bruk av sosiale medium har dessverre endra bruken av mobiltelefon under køyring, seier UP-sjefen.

Undersøkinga viser at Snapchat er den sosiale medie-kanalen unge brukar mest. Medan 31 prosent mellom 18 og 29 år har sjekka Snapchat under bilkjøring, har 9 prosent og 4 prosent i denne aldersgruppa sjekka høvesvis Facebook og Instagram medan dei køyrer bil.

– Snapchat er ein kanal der mange forventar umiddelbar tilbakemelding. Det fungerer bra frå sofaen, men ikkje når du køyrer bil, seier Annika Persson.

Fire prikkar i prøveperioden

Skadesjefen i Codan Forsikring minner om viktigheita av å fokusera på køyringa, og åtvarar om moglege skadar og økonomiske konsekvensar som følgje av mobilbruk.

– Det viktigaste å hugse på er at mobilbruk aukar risikoen for at du kan forårsaka ei alvorleg ulykke der du eller andre menneske kan komme til skade. Men dei økonomiske konsekvensane kan òg bli alvorlege. Viss du forårsakar ein bilulukke og mobilbruk er medverkande årsak til ulykka, vil erstatninga frå forsikringa bli avkorta. I grove tilfelle risikerer du å måtta betale alt sjølv, seier Annika Persson.

Som eit tiltak for at fleire skal overhalde mobilbrukforbodet, vart det frå 1. januar 2019 innført to prikkar i førarkortet for ulovleg mobilbruk, og sjåførar som er i prøveperioden får fira prikkar. Dei som blir tatt får òg 1700 kroner i bot.

– Eg har tru på at det nye tiltaket vil auka etterlevelsen av mobilbrukforbodet og dermed bidra til reduksjon av alvorlege trafikkulykker der uoppmerksomhet har vore årsak til ulykka, seier UP-sjefen.

– Foreldre må vera rollemodellar

Køyrelærarar er opptatt av å bidra til å skapa gode haldningar når det gjeld mobilbruk og køyring, og mange snakkar om temaet med elevar i bilen under kjøretimer.

– Det er viktig å skape medvit rundt kor farleg det er å flytta merksemda bort frå vegen. Ferske sjåførar må spørja seg om det er verd å risikera å bli involvert i ei alvorleg ulykke fordi ein skulle svara på ein SMS. Det er viktig at foreldre òg har fokus på dette under øvingskøyring og at dei går føre som gode rollemodellar, seier Jan Harry Svendsen, informasjonsansvarlig i Autoriserte Trafikkskolers Landsforbund.

Brot på mobilbrukforbodet gir bot på 1700 kroner og to prikkar i førarkortet. Sjåførar i prøveperioden får fira prikkar.

Fakta om undersøkinga:

1 av 3 unge vaksne seier dei sjekkar Snapchat medan dei køyrer bil, og forsikringsselskap og Utrykkingspolitiet åtvarar mot denne livsfarlege trenden. – Dei tek ein høg risiko når dei tastar medan dei køyrer, seier UP-leiar Runar Karlsen.

•Undersøking gjennomført av Norstat for Codan Forsikring i eit representativt utval på 842 personar.

•31 prosent av dei spurde mellom 18 og 29 år svarer at dei har sjekka Snapchat som sjåfør i bil. I befolkninga totalt svarar 8 prosent at dei har gjort dette.

•9 prosent mellom 18 og 29 år har sjekka Facebook under køyring, mot 3 prosent i heile befolkninga. 4 prosent mellom 18 og 29 har sjekka Instagram under køyring, mot 1 prosent i heile befolkninga.

•46 prosent av dei under 30 år svarer at dei har ringt eller svart på mobilen utan handsfree som sjåfør i bil. I befolkninga totalt svarar 25 prosent at dei har gjort dette.

•45 prosent av dei under 30 år svarer at dei har lese eller sendt SMS som sjåfør i bil. I befolkninga totalt svarar 22 prosent at dei har gjort dette.