Påskefilmar på Stryn kino

Animasjonsfilmen Drømmeparken er ein av mange fillmar som blir vist i påska på Stryn kino.

Ny animasjonsfilm: Drømmeparken har norgespremiere fredag 12. april, og blir vist på Stryn kino denne dagen og i heile påska.  Foto: Filmweb

Nyhende

Drømmeparken, Dumbo, A star is born, Shazam og Den fantastiske reisa til fakiren som gøymde seg i eit IKEA-skåp, står alle på kinoplakaten i løpet av den komande veka.

Drømmeparken handlar om ein magisk dyrepark der alle draumar blir verkelege. Familiefilmen Dumbo viser den klassiske Disney-filmen i ei helt ny drakt med meir action.

Det blir også gjensyn med den populære musikkfilmen A star i born med Bradley Cooper og Lady Gaga, som nyleg fekk Oscar for blant anna beste filmmusikk.

Actionfantasy-filmen Shazam handlar om ein 14 år gammal fostergut som får superkrefter.

Den fantastiske reisa til fakiren som gøymde seg i eit IKEA-skåp er den lange tittelen til ein fransk dramakomedie.

Filmen vann Gledesspreder-prisen under Den Norske Filmfestivalen i Haugesund.