5,5 mill. i spelemidlar til Stryn og Hornindal

Klubbhus: Loen idrettslag får tildelt 748.000 kroner i spelemidlar til klubbhuset i bakgrunnen på bildet.  Foto: Sigrid Heggestad (arkiv)

Nyhende

19 lag og organisasjonar i Stryn kommune og to i Hornindal kommune får tildelt spelemidlar for 2018.

Stryn Turn & idrettslag får mest med 1.952.000 kroner til anleggsmidlar til den nye kunstgrasbana med lys. Deretter følgjer Stryn kommune som får 1.000.000 kroner til Strynehallen, og Hornindal Skisenter som får same sum. Loen idrettslag får 748.000 kroner i anleggsmidlar (klubbhus).

Spelemidlar i Stryn

Lostrupane i samarbeid med Stryn musikklag (musikalsk vårslepp): 10.000 kr


Stryn kommune (anleggsmidlar, Strynehallen): 1.000.000 kr


Stryn Turn og idrettslag (ny kunstgrasbane inkludert lys): 1.952.000 kr


Loen idrettslag (klubbhus): 748.000 kr


Teaterførestilling (Frifond teater): 20.000 kr


Hardbagg idrettslag: 19.000 kr


Idrettslaget Veten: 39.000 kr


Loen idrettslag: 37.000 kr


Loen Karateklubb: 10.000 kr


Markane idrettslag: 55.000 kr


Olden idrettslag: 25.000 kr


Oppstryn idrettslag: 17.000 kr


Stryn Klatreklubb: 3.000 kr


Stryn Luftsportsklubb: 1.000

kr


Stryn Motorsportklubb: 16.000 kr

Stryn Pistolklubb: 2.000 kr

Stryn Turn & idrettslag: 278.574 kr


Vikane idrettslag: 55.000 kr


Nesjestranda og Skaala Skytterlag (humanitær): 81.848 kr

Spelemidlar i Hornindal

Hornindal Skisenter AS (anleggsmidlar): 1.000.000 kr


Hornindal idrettslag: 93.610 kr

I Sogn og Fjordane fekk over 370 lag og foreiningar til saman 84 millionar kroner i spelemidlar i 2018. Overskotet frå Norsk Tipping går i sin helheit til spelemidlane, som vert disponert av Kulturdepartementet. Denne veka vart det klart at overskotet for 2018 er på rekordhøge 5,5 milliardar kroner.