Bøndene ventar inntektstap

Flate prisar og store inntektstap er fasiten før bøndene og staten set seg til forhandlingsbordet i jordbruksoppgjeret i år. Ventar inntektstap på 6,6 prosent

Tørken ramma mange bønder hardt i fjor sommar. Alt no ser det ut til at også 2019 blir eit tøft år for jordbruket. Det blir anslått ein kraftig nedgang i inntekta fordi prisane på mange varer held seg på same nivå, medan kostnadane aukar.  Foto: Kallestad, Gorm

Nyhende

Fredag vart tal frå Budsjettnemnda for jordbruket offentleggjort. Dette dannar grunnlaget for jordbruksoppgjeret, som startar 29. april når Norges Bondelag og Norsk Bonde- og Småbrukarlag leverer krava sine til staten.

Frå 2017 til 2018 hadde bøndene ein inntektsvekst på 1 prosent, men i år blir det venta ein nedgang på 6,6 prosent, altså 23.500 kroner per årsverk.

Ekstremtørken i fjor sommar blir anslått til å ha påført jordbruket eit tap på 3,1 milliardar kroner i 2018 og 2019. Det omfattar tapt produksjon, auka kostnader og lagernedbygging av grovfôr.

Staten trødde til med ein krisepakke, i tillegg til avlingsskadeerstatning, til saman 2,4 milliardar kroner. Nettotapet for næringa etter dette er berekna til 700 millionar kroner, ifølgje Norges Bondelag.

Inntektsoverslaget som vart lagt fram fredag, er justert for den spesielle situasjonen, slik at det skal vere mogleg å samanlikne dei med tidlegare år. Budsjettnemnda, der både staten og bondeorganisasjonane er representert, slår likevel fast at tala for 2018 er meir usikre enn tidlegare år.

Roper varsku

Tala viser at bøndene hadde ein inntektsvekst på 1 prosent frå 2017 til 2018, tilsvarande 3.400 kroner per årsverk. Men i år blir det venta ein nedgang på 6,6 prosent, altså 23.500 kroner.

– Slik som prognosen for året er, går inntektene til jordbruket betydeleg ned, medan gjennomsnittslønna i Noreg går opp. Dette er eit viktig varsku inn mot jordbruksoppgjeret, seier leiar Lars Peter Bartnes i Norges Bondelag i ei pressemelding.

Stortinget avgjorde i 2017 at inntektsskilnadane mellom bøndene og andre yrke skal bli mindre, men utviklinga går altså i motsett retning.

Unntaket er frukt- og bærprodusentar. I år blir det forventa at desse kjem til å ha ei inntekt på 449.300 kroner per årsverk, opp frå 384.600 kroner i 2017.

Flate prisar, høgare kostnader

Men elles ligg det altså an til ein nedgang, som særleg rammar bønder som driv med korn i ein kombinasjon med svin. Desse får ein nedgang på over 120.000 kroner i 2019 samanlikna med to år tidlegare, ifølgje overslaget.

Inntektsnedgangen kjem mellom anna av at prisane på grønt, mjølk, kjøtt, korn, egg og potet i snitt blir venta å halde seg på same nivå, medan utgiftene til mellom anna gjødsel og frø går opp. Det blir òg venta lågare produksjon av mjølk og kjøtt.

– Eit berekraftig norsk landbruk basert på bruk av norske ressursar og norsk matjord føreset at det blir dyrka korn på dei få stadene der det er mogleg i dette landet. I tillegg hastar det med å få betre marknadsbalanse for svin, sau og egg, seier Bartnes.

Kjersti Hoff, ny leiar for Norsk Bonde- og Småbrukarlag, etterlyser meir effektive reguleringstiltak.

– Dei siste prognosane for husdyrprodukta viser teikn til betring for 2019, men denne betringa gir seg ikkje utslag i auka inntekter fordi jordbruket framleis har store kostnader med å regulere vekk overskotet som har oppstått i dei førre åra, held ho fram.

Tørketap

Ekstremtørka i fjor sommar er anslått til å påføre jordbruket eit tap på 3,1 milliardar kroner i 2018 og 2019. Det omfattar tapt produksjon, auka kostnader og lagernedbygging av grovfôr. Staten trødde til med ein krisepakke, i tillegg til avlingsskadeerstatning, på til saman 2,4 milliardar kroner. Nettotapet for næringa etter dette er berekna til 700 millionar kroner, ifølgje Norges Bondelag.

– Tørken i fjor gav jordbruket eit krevjande år. Men også stagnerande, og delvis fallande, etterspørsel etter kjøtt- og mjølkeprodukt, og kostnadsaukinga bidreg til at tala frå Budsjettnemnda er dårlegare for jordbruket enn eg håpa på. Vi vil no gå grundig inn i tala og legg dei til grunn for forhandlingane om ein ny jordbruksavtale, seier landbruks- og matminister Olaug Bollestad (KrF) i ei pressemelding.

Staten legg fram tilbodet sitt til bondeorganisasjonane 7. mai.

Inntektsberekningane som vart lagt fram fredag, er justert for tørken, slik at dei skal vere mogleg å samanlikne med tidlegare år. Budsjettnemnda, der både staten og bondeorganisasjonane er representert, slår likevel fast at tala for 2018 er meir usikre enn tidlegare år.

(©NPK)