Ber om innsyn i avtaler for Skarsmyra

Skarsmyra: Både Vinsrygg maskin og Kveen AS ønskjer å kjøpe areal på Skarsmyra i Stryn Miljøpark, men deer er ikkje nok å selje til begge.   Foto: Roy Aron Myklebust

Nyhende

I høve sak om arealkjøp på Skarsmyra ber styreleiar i Kveen AS, gjennom e-post, om innsyn i avtalar mellom Stryn kommune og Vinsrygg Maskin.

– Vi har registrert at både rådmann og ordførar har vist til tidlegare inngåtte avtalar med Vinsrygg-selskap, som grunngjeving for vedtaksforslaget om sal av heile arealet til Vinsrygg. På vegne av Kveen AS og under henvisning til Lov om Offentlighet ber vi om innsyn i avtalane.