Holmøyskarrennet:

Dramatisk innspurt for Markane IL-løpar

Vart suveren klassevinnar

Dramatisk innspurt Emilie Flo Stavik frå Markane IL (t.v) låg an til å få raskaste tid uavhengig av aldersklasse, men måtte gi tapt for Bodil Vartdal Ryste som vart raskaste kvinne.   Foto: Inge Fænn

Nyhende

Markane IL-løparen Emilie Flo Stavik, som gjekk i klassa 15-16 år, var i ferd med å gå i mål med den beste tida, uavhengig av aldersklasse for kvinner under Holmøyskarrennet søndag.

Ikkje langt frå mål så ramla diverre den unge skiløparen og vart forbigått av Bodil Vartdal Ryste som altså kunne ta beste tid i kvinneklassene. Emilie vart likevel suveren klassevinnar.

Tidene er enno ikkje klare offentleggjort, men først i mål, uavhengig av klasse og kjønn, var Andre Haugsbø frå Gaular som har vunne Holmøyskarrennet fleire gangar tidlegare.

Raskaste tidene Raskaste tid i Holmøyskarrennet er Andre Haugsbø frå Gaular ( i midten) Her flankert av mannen med tredje raskaste tid, Eskil Hov frå Kaupanger (t.v) og mannen med nest raskaste tid Roger Pollen frå Førde.   Foto: Inge Fænn

Han vart etterfølgt av Roger Pollen frå Førde og Eskil Hov frå Kaupanger.

Fjordingen sin reportar på staden har snakka med ei rekkje av deltakarane som har fullført det tradisjonsrike rennet og deltakarar, både i turistklassa og i konkurranseklassa er fulle i lovord om arrangementet som har vore i regi av Veten og Hardbagg

Tre av dei om var med i år har vore med i samtlege 52 Holmøyskarrenn.

Les meir om Holmøyskarrennet i tysdagsavisa