Perfekt dag for Holmøyskarrennet

Omlag 400 skiløparar stiller til start

Duell Oliver Thorsen frå Førde (t.v) og Bendik Vereide frå Stårheim skal ut i duell i den 30 kilometer lange løypa. Her i startområdet ved Nordfjord fritidssenter   Foto: Inge Fænn

Nyhende

Holmøyskarrennet går straks av stabelen og Fjordingen sin reporter på staden fortel at det tradisjonsrike rennet har samla 400 deltakarar i år der omlag 350 stiller i turistklassa og 50 stiller i konkurranseklassa.

Veten og Hardbagg er arrangør for det 52. rennet i rekka som går av stabelen i fantastisk påskevêr kl. 12 søndag.