Presenterte Vest Biogass for Enova og politikarar på Stortinget:

Intensjonsavtale om å byggje biogassanlegg til 100 mill.

Vest Biogass i Hornindal var først planlagt med ei kostnadsramme på ca. 30 millionar kroner. No er prosjektet auka til å bli eit regionanlegg med ei investeringsramme på i overkant av 100 millionar kroner.

Ser fram til biogass: Ronny Haugen t.v. i Vest Biogass AS og gardbrukar Per Ståle Lillestøl som vert ein av mange leverandørar av husdyrgjødsel til anlegget. – Å få levere gjødsla til varmebehandling i biogassanlegget og få det tilbake hygienisert og tilnærma utan ugrasfrø, vert vinn vinn for alle partar, seier Haugen og Lillestøl.  Foto: Bengt Flaten

Nyhende

– Vi er optimistar og trur på anleggsstart til hausten. Då kan vi vere i gang med produksjon av biogass hausten 2020.