Og så kom den gode vårstemninga

Hornindal musikkorps inviterte til påskekonsert og skapte sitrande vårkjensle.

Fengjande: Hornindal musikkorps med aspirantane i fremste rekkje. Dei yngste hadde eigne nummer og eit par saman med korpset.  Foto: Anne-Mari Aalberg

Nyhende

Korpsmusikk varslar vår. Det vart klart at korpset har øvd flittig og er topp motiverte til å servere fengjande musikk på 17. mai-feiringa i Hornindal. Konserten hadde ein eigen sekvens for aspirantane som verkeleg imponerte, og dei yngste fekk vere med heile ensemblet på eit par nummer.