Betinga fengsel og bot for råkøyring

Politi UP fart laser fartskontroll laserkontroll  Foto: Bengt Flaten

Nyhende

Ein mann i 20-åra, busett i Stryn, er dømd til 15 dagar fengsel på vilkår og ei bot på 12.500 kroner for råkøyring. Mannen vart stoppa i politiet sin fartskontroll i Hornindal i mars i år, etter å ha køyrd i 128 km/t i 80-sona.

Mannen må klare seg utan førarkort i sju månader og ta den praktiske prøva før han får førarkortet tilbake.