Filmen om Utvik:

– Kunne ikkje gjerast betre

Folk var over seg av begeistring for den lokalhistoriske filmen om Utvik som hadde premiere i påska.

Bidragsytarar: Anders «Svingen» Verlo (t.v.) og Audun Egge på vitjing hos Filmdigitalisering. Verlo bidrog med gamle filmklipp og Egge bidrog med skjemt og historier i Utvikfilmen. 

Nyhende

Anders «Svingen» Verlo blir av filmskaparane Steinar Hilde og Roger Sevrin Bruland trekt fram som ein særs viktig bidragsytar til Utvikfilmen. Han var tidleg ute med å skaffe seg 8mm-kamera, tilbake på 60-talet. Å sjå eigne opptak på storskjerm under famsyningane i påska var både moro og litt frustrerande.