Bålforbod etter 15. april:

Aukande skogbrannfare på heile Vestlandet

På heile Vestlandet er det no moderat fare for gras- og lyngbrann i snøfrie område.

Tenk deg om før du lagar pølsebål i påsken. I snøfrie område kan det vere svært tørt på bakken.   Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix / NPK

Nyhende

Meteorologisk institutt har skrive ut farevarsel på gult nivå, moderat brannfare, for heile Vestlandet. Med meldingane om lite nedbør framover, kan faren auke, melder Meteorologisk institutt.

Frå 15. april til 15. september er det bålforbod. Det er forbode å gjere opp eld i eller i nærleiken av skog eller anna utmark utan løyve frå kommunen.