Handball:

Nordfjord Cup i full gang

Nyhende

Nordfjord Cup i handball for 12-14-åringane er i full gang.

Dei første kampane gjekk av stabelen fredag kveld, og handballfesten held fram utover laurdagen.

Då Fjordingen var innom Strynehallen laurdag føremiddag var det god stemning og fleire spennande kampar som ikkje vart avgjort før heilt mot slutten.

28 lag deltek på cupen denne helga. Arrangørklubben Stryn stiller med fleire lag, og Vikane har eitt lag i klassen for gutar 12.

Søndag er det klart for sluttspel i Strynehallen.