Ulukke ved Hoven

Speedglideren er henta opp

Redningsmannskapet har no henta opp speedglideren i Loen.

Kurt Hammerø er politiet sin innsatsleiar.  Foto: Thomas Thaule

Nyhende

Siste oppdatering: Speedglideren er henta opp og vert undersøkt av helsepersonell. Tilstanden er uviss, opplyser politiet sin operasjonssentral.

Politiet sin innsatsleiar, politibetjent Kurt Hammerø, opplyser til Fjordingen at vedkomande låg i fjellsida høgt oppe, og i veldig bratt terreng. Alpin redningsgruppe henta opp vedkomande.

- Vi veit ikkje hendingsforløp, men er i gang med vitneavhøyr. Tilstanden er uviss, opplyser Hammerø til Fjordingen.

Eit redningshelikopter er på plass i Loen, men det står på bakken. Elles er ambulanse, politi og brannvesen på plass. Også kommunen sitt kriseteam er på plass.