Endeleg lokaloppgjer på Lund stadion igjen

Etter eitt års «pause» er det igjen klart for lokaloppgjer mellom Oppstryn og Hornindal i 6. divisjon.

Målsugen: Lars Guddal (t.h.) jaktar nye scoringar etter at heile førre sesong vart spolert pga skade.  Foto: Thomas Thaule (arkiv)

Nyhende

Hornindal imponerte etter 5–2 over Haugen på heimebane førre veke, medan Oppstryn måtte returnere frå Vågsøy med 0–2 og null poeng i bagasjen mot Tornado Måløy 2. Hornindaltrenar Dagmund Evebø meiner likevel at Oppstryn må finne seg i å vere favorittar i tysdagens kamp på Lund stadion:

– Det blir heilt sikkert ei utfordring for eit urutinert Hornindal. Oppstryn har mykje rutine og fysikk som kan bli vanskeleg å stå i mot. Dei var klart betre enn oss i ein treningskamp i vår og er nok store favorittar i ein slik kamp. Vi vil nok variere i prestasjonane, men håpar å kunne gje dei kamp. Oppstryn sin spelande trenar Tarald Harstad er tydeleg på at blåtrøyene må heve seg frå sist kamp om det skal bli poeng:

– Vi spelte ein veldig svak kamp mot TMFK 2 der det mangla mykje på innsats, trøkk og presisjon. Spelar vi på same måte mot Hornindal, så tapar vi. Eg håpar likevel at vi finn tilbake til litt av fjorårsformen, om vi kjem opp på nivået vi viste til tider i fjor så skal vi gje Hornindal kamp om sigeren.

Både Evebø og Harstad synest det er kjekt med eit skikkeleg lokaloppgjer igjen.