Stryn-Sogndal i cupen:

– Alt er muleg

Det er cupfeber i Stryn, og onsdag kjem storebror Sogndal på besøk. Trua på jubelscener lik dei vi såg i 2007 er stor.

Jubel: Stryn jubla då sigeren over Sogndal i 2007 var i boks. Cupbomba var eit faktum.   Foto: Sigrid Heggestad

Nyhende

Måndag 21. mai 2007 kunne ein mellom anna lese følgjande i Fjordingen: «Jubelen stod høgt i plaskregnet på Stryn stadion søndag, etter at Stryn slo ut Sogndal i cupen med 1–0. Målet til Rune Myklebust i andre omgang sørga for at strynelaget er vidare i cupen. Dei siste tjue minutta vart lange og nervepirrande for heimepublikummet. Enkelte ropte etter dommarfløyta, andre ville stille fram stadionuret. Men langt på overtid kunne spelarar og dei mange hundre frammøtte sleppe jubelen laus for vidare avansement i cupen».