Lokaloppgjer i 6. divisjon:

Oppstryn var best, men Hornindal tok poenga

Sjansesløseri: Tarald Harstad med ei akrobatisk avslutning like utanfor. Hornindalforsvararane Jan Åge Langeset (t.v.) og Snorre Øvreberg følgjer spent med, det same gjorde dei 80 tilskodarane på Lund stadion.  Foto: Thomas Thaule

Nyhende

Det var duka for lokaloppgjer mellom Oppstryn og Hornindal på Lund stadion tysdag. Eit ungt Hornindal-lag stakk av garde med dei tre poenga. Det vart så smått mumla om eit aldri så lite «poengran» på Lund stadion etter kampen blant eit stort antal tilskodarar. Også Hornindaltrenar Dagmund Evebø kunne vere med på det.