Dagens leiarartikkel

Nytt topp moderne bilanlegg

Toyota Nordfjord sitt nye anlegg i Stryn.  Foto: Bengt Flaten

Ein kan håpe at Toyota si etablering på Riise baner veg for andre

Nyhende

Toyota Nordfjord og Førde AS har bygd og flytta inn i nye, flotte lokale på Riise, aust for Stryn sentrum. Anlegget vart opna for publikum torsdag og vert offisielt opna laurdag.

Utan å fornærme andre, vågar vi påstanden at Toyota Nordfjord og Førde AS har opna regionens mest moderne bilanlegg. Tidsriktig i forhold til ein bilbutikk og verkstad sine behov, med både dei tilsette og kunden i fokus. Og med den vesle arkitektoniske vrien som gjer at bygget rett og slett ser stilig ut.

At Toyota har bygd dobbelt så store lokale som dei flyttar ut frå, betyr at verksemda er framsynt og signaliserer optimisme. Og at dei ønskjer luft og plass både for å jobbe, presentere og gje gode opplevingar. Det er meir enn bra.

Riise har stått som ein grå open flate i mange år, etter at Stryn kommune la området ut til forretningsaktivitet. No har Toyota etablert seg og dermed teke det første viktige steget mot det som bør føre til fleire etableringar. Om det er råd å få andre bilforretningar til å etablere seg i same området, er vanskeleg å meine noko om. Å få etablert anna bil- og trafikkrelatert verksemd, ville styrka Riise som sentrumsnær handelspark og kanskje frigjere areal til anna aktivitet i sentrum. Ein kan håpe at Toyota si etablering på Riise baner veg for andre, på kort eller lengre sikt.

Parallelt med opning av Toyota sitt nye anlegg, skjer det og andre spennande ting for Stryn som bilhandelssenter. Stryn Mek Verksted fortalde nyleg at dei overtek agenturet for Ford, og med det tek eit nytt, stort bilmerke til Stryn. Det gjer at fleire bilkjøparar finn «sitt» bilmerke i Stryn, og dermed slepp å reise utanbygds både for å handle og få service på merkeverkstad. Det er positivt, og betyr vekst for Stryn som bilhandelssenter. Den negative sida er at Stryn Mek Verksted må leggje ned butikken for å gje meir plass til sal av bil. Mange vil nok sakne både butikk og arbeidsplass. Vinsten er at verksemda vert ein endå meir komplett bilbutikk.

Bengt Flaten

ansvarleg redaktør