Handball:

Stryn må ned i 4. divisjon

Sjølv om Stryn vart nummer åtte i 3. divisjon rykker laget ned.

4. divisjon: Terese Vik Nygård og Stryn rykker ned trass i ein 8. plass i år.   Foto: Stig Høynes

Nyhende

– Etter sesongen som no er ferdig er det slik at tre av fire lag frå Sogn og Fjordane rykker ned til 4. divisjon. Dale held sin plass, medan Stryn, Jotun og Gloppen alle må ned eitt hakk. Det trass i at divisjonen skal utvidast frå 10 til 12 lag frå komande sesong. Årsaka til at også Stryn rykker ned er at to lag frå Region Vest, Os og Stord, kjem ned frå 2. divisjon, seier Svein Mjeldheim i Handballforbundet, Region Vest. Opp frå 4. divisjon kjem fire lag, Florø, Bergen, Askøy og vinnaren av kvalikkampane mellom Årstad og Sogndal.

Stryn spelte i 2. divisjon så seint som i 2016/2017-sesongen. I 2017/2018 vart klubben nummer fire i 3. divisjon.