Tidlegare strynetrenar:

Skal trene islandsk toppklubb

Trenar: Gunnar Lindal Sigurdsson blir trenar i islandsk toppserie.   Foto: Stig Høynes (arkiv)

Nyhende

Tidlegare spelar for Stryn sitt herrelag i handball, Gunnar Lindal Sigurdsson, har skrive under på ein toårskontrakt som trenar for den islandske toppklubben KA/Thor sitt damelag.

Klubben frå Sigurdsson sin heimby Akureyri vart nummer fem i den heimlege serien i handball sist sesong.

– Vi satsar på topp fire komande sesong, seier Sigurdsson til Fjordingen.

Sigurdsson var sentral i handballmiljøet i Stryn, og trente både herre- og damelaget ved sidan av å spele sjølv.