Skuffande siger

Trass tre poeng er ikkje Stryn-trenaren nøgd med sesongens første heimekamp

Stryn var nokre millimeter frå 4-1 mot Studentspretten i denne situasjonen like før slutt. Alle tre poenga vart verande i Stryn laurdag.   Foto: Roger Oldeide

Nyhende

Heimelaget Stryn slo Studentspretten frå Sogndal 3 - 1 laurdag, men trenar Geir Inge Rake var ikkje spesielt nøgd med prestasjonen.

- Tre poeng er sjølvsagt viktig, men det er mykje slurv å sjå i dag. Vi gjer det veldig vanskeleg for oss sjølve med for mykje strekk og vi er for passive i press. Så er vi veldig upresise. Vi må løfte oss mykje om vi skal henge med i toppen denne sesongen, seier Rake.

Marius Rauset scora det første målet etter 29 minutt. Håvard Kroken hadde to nettkjenningar etter pause.

Meir om heimekampen i tysdagsavisa