Stryn møter studentane

Kretsligaen: Marius Rauset (t.v.) og Stryn spelar sesongens første seriekamp heime på laurdag.   Foto: Stig Høynes

Nyhende

Stryn tek i mot Studentspretten frå Sogndal i sesongens første heimekamp i Kretsligaen.

Stryn slapp med skrekken borte mot Tornado Måløy i seriepremieren sist helg då dei drog i land ein 5–4 siger på overtid.

Laurdag er Studentspretten, eit lag mange reknar med vil hevde seg i toppen, motstandar på Stryn stadion. Laget måtte likevel sjå at Årdal vann 2–0 i første kamp for sesongen førre helg.

Hove ute

– Julian Hove blir ikkje med til helga. Elles så ser det ut til at resten av spelarane er klare til kamp, seier trenar Geir Inge Rake.