Gåvetildelingar til 16 lag og organisasjonar

Sparebankstiftinga har tildelt totalt 1,2 millionar kroner i gåvemidlar til 16 ulike tiltak i Nordfjord.

Hornindal musikkorps får 20.000 kroner til å oppgradere uniformene sine.   Foto: Anne-Mari Aalberg/Arkiv

Nyhende

Det viser ei oversikt frå Sparebanken Sogn og Fjordane. Blant dei lokale tiltaka i indre Nordfjord finn vi støtte til følgjande:

Oppstryn IL får 15.000 kroner til innkjøp av hjertestartar i Oppstryn Idrettshus. Stryn Vinterski AS får 20.000 kroner til uniformering til skipatruljen. Olden skyttarlag får 50.000 kroner til ny skytebane. Stiftinga Heradsheim får 200.000 kroner til ny utandørs kulturscene.

Hornindal historielag får 50.000 kroner til å realisere infotavler ved austenden av Hornindalsvatnet. Hornindal Musikkorps får 20.000 kroner til å oppgradere uniformene sine. Hornindal idrettslag får 100.000 kroner til innkjøp av tidtakarutstyr og vindmålarar med meir til Hornindal idrettspark.

Von idrettslag får 25.000 kroner til å bygge gapahuk med grill i Gjeilefjæra. Malakoff Rockfestival, Heia idrettslag, Heggjabygda grendalag, Haugen skulemusikk, Åsen Vel, Trivselsskogen AS, Hyen idrettslag og Fjellhug/Vereide IL har også fått ulike summar til støtte for sine prosjekt.